ELGSTEIK

Produktkode : 100276

Kr 495,00

Når en snakkar om viltkjøt, er elg eit av de store samtaleemna. Kva er best på elgen, kor lenge skal han mørna, kor mykje skal da steikast og kva skal du ha til. For oss er da enkelt å anbefala elgsteik som en god vinnar i diskusjonen. Vi har gjort han klar, så du treng berre gni han inn med salt og pepar. Har du ein ovn du kjenner godt, så sett han på 150 grader, sett steiketermometeret i midten av steika og vent tålmodig til den når 60 grader. Og mens du ventar, lagar du tilbehør etter valgt oppskrift. Legg merke til at etter kvart som lukta av steika brer seg i huset, blir gjestane, eller familien for den saks skyld meir og meir rastlaus. Turane innom kjøkenet blir oftare og oftare på han far, mens han gnir seg i hendene og stryk seg på magen. Når maten endelig står på bordet tar han far ansvaret for kniven og med lidenskap og nøyaktighet skjer han flotte dampande skiver av steika. Da blir noke høgtidligt ut av den enkle steika, som dykk fekk levert av Matsnadder ein kveld då Brann slo Rosenborg og blei seriemeistarar.

Elgsteik, surra og beinfri. Vekta variere frå ca. 1,2 - 2.2 kg kvar steik.
Elgkjøt per 100 gram Kaloriar: 100 Protein: 22,1 Fett: 1,3 Metta fett: 0,4 Transfett: 0 Einumetta fett: 0,4 Fleirumetta fett: 0,3 Omega 3: 0,007
Du må tina steika i kjøleskapet minst 12 timer før, men helst i eit døger. Gni salt og pepar rundt steika og legg den i ei form, gjerne med sjalottlauk og gulerøtter. For best resultat steiker du den på 150 grader heilt til steiketermometeret viser 60 grader. Dersom du likar steika fastare, ventar du til den er på 63 grader. Når du har tatt steika ut av ovnen, rull aluminiumsfolie rundt steika og la den kvila fram til servering. Når du skjer steika, så må du ikkje skjera for tjukke skive. Helst ikkje større en 1 cm. Vi anbefalar sterkt at ein utsett ettermiddagskaffi'en til etter ein har tatt en cowboystrekk på divanen.
Pakka som : Vacuum
Oppbevaring : Frysevarer - oppbevares kaldere enn -18' C
Holdbarhetstid fra pakkedato : 365 Dager
Vekt : Pris per kg.
Pris : pris per kilo
Må varmes : Ja
Holdbarhetstid i kjøleskap : 7 Dager
Steiking: Koking: Baking: Grilling: Supper:
Ja   Ja    
         
Antall:

Lagervare

Sikker netthandel