GRUNNTANKEN BAK STØLSMAT

Sjå for deg at du skal til stølen, sætra eller hytta for nokre dagar. Det er gjerne eit stykke å gå, og det er mykje du skal ha med
deg. Det betyr at det du skal ha med verkeleg må fortjena sin plass i ryggsekken. Det er slike råvarer du skal finna gjennom
konseptet Stølsmat.


Når folk før i tida gjekk til «støls» var det for å arbeida. Gjerne lange dagar og veker i strekk. Då var det avgjerande at maten
var smakfull og næringsrik. Viktig at råvarene var av beste sort, då tilgongen på ulike krydder og andre tilsettingsstoffer var
sterkt begrensa. Det er slike ekte og gode råvarer Stølsmat skal vera tufta på. Råvarer som har vore til fjells.

Nyt maten og alt som er rundt deg.